tirsdag 8. april 2008

Arnstein

Eg har nemd det før, men eg tenkte det kanskje var på tide med ei lita oppdatering på kva som skjer med Arnstein.

For dykk som ikkje veit kven det er, så kan eg seie at det er ein av mine tre nevøar (ett samentreff ej ikkje he tenkt over før:P). Han har fått diagnosa "akutt lymfatisk leukemi". Det vil seie att han skal igjennom 2 og 1/2 år me cellegift-behandling. Og for ein fire åring er det ganske brutalt. Men til no ser alt heilt bra ut, kreftcellene er no i nåke som heiter "remisjon", som betyr at alt er slik som det skal vere og att kreftcellene er på veg tilbake. I løpet av dei neste vekene skal heile 95% av kreftcellene vere vekk. men det er dei siste 5% som det blir behandla for i nesten 2 og 1/2 år.

No i tida framover, kan det difor bli vanskeli for familien Lystad, og familien Johnsen, å legge store plana, Grethe og Trond-Are kan plutseli trenge hjelp til noko, som i påska, då eg var med til Trondheim.

Då vil eg bere ønske alle ei god natt, for no må eg legge meg hvis eg skal rekke undervisninga mi i morgo, eg skal ha matte i ei 8. klasse.

onsdag 2. april 2008

Smykkemakaren

Hei godt folk.
Ej he starta å lage smykke her i mi einsomheit, og no he resultata begynt å bli so fine at ej lure på å selle somme av dei.
Dokke som e interesserte kan berre ta kontakt. Ej he ikkje heilt tenkt på prisa enda, men det kan ej rekne på so kan dei som e interesserte få høre dei når dei melde sej:p